Thursday, December 2, 2010

Autoritetar som triggar ungdomsopprør nummer 2.

Idag følte eg meg plutseleg 10 år yngre. Og årsaka til dette er ikkje beintfram, så her kjem historia (fortalt i 3. person utan at eg har nokon god grunn for akkurat dêt...) :

"
Ok. Så den livsfarlege gata skal kryssast på veg til jobb. Fagerlien får håp om at dette skal gå bra då han får auge på ein kar som liknar litt på han på dette biletet:

, men han var litt tynnare. Og det var mørkt. Den venlege politimannen stoppar trafikken for Fagerlien og ein bil som ser slik ut:



byrjar å rope kraftig, truleg av typen "BEGYNN PÅ OPPGÅVA MED Å TA DEG OVER VEGEN, UTANLANDSKE MANN!!!"

Fagerlien meiner han var på ungdomsopprørets sti for nokre år sidan (blant anna ved å gje bidrag til suspekte engelske tekstar i eit lokalt band, samt spele høg og sint gitar på guterommet), men opprøret vart aldri større enn at han fortsatt gjer (blindt!) som han vert fortalt av autoritetar. Og ein blålys-dekorert aggressivt ropande politibil på eit framandt språk bør kunne karakteriserast som ein autoritet. Egentlig ein ganske stor ein. Så han byrja på oppgåva med å ta seg over vegen; både på kroppspråket og tonefallet i stemma syntest i alle fall Fagerlien bestemt det var akkurat den handlinga autoritetane ynskte skulle utførast.

Når Fagerlien er nesten halvvegs over 8-felts vegen byrjar politimannen å vinke med den oransje greia si. Fagerlien anar ufred når 10 rader med bilar (eit køyrefelt er ikkje nødvendigvis berre EITT køyrefelt i dette landet) byrjar å leike med gassen (til glede for alle som likar frisk luft). Dei slepp så clutchen (til glede for dei av oss som likar manuelt gir) og brasar mot Fagerlien (til STOR glede for Fagerlien).

Det som gleder Fagerlien er at han på ein (ikkje reint lite, faktisk) demonstrativ måte torer å halde fram med tempoet på gangen sin (provoserande sakte). Han ensar ikkje dei 2-3 radene med bilar som no må bråstoppe for dette egoistiske, sjølvsentrerte foretak. Det tutast. Frå Lada'ar, Porscher og Mercedesar. Bilar med blinkande blålys ropar og fresar. Folk ristar på hovudet. Nokon peikar kanskje, andre ler. Og Fagerlien går (fortsatt sakte) med oppreist rygg medan han avleverer gloser på gøtt Gløppsk til omverda generelt og autoritetane spesielt. Inni seg. Sjølvsagt.
"

Denne gongen gjekk det veldig bra! Men for å redde mitt eige skinn og slutte å høyre blindt på autoritetar, må eg tydelegvis vurdere å gjere ein re-union med ungdomsopprøret mitt, og denne tanken kom så klårt fram at eg rett og slett følte meg 10 år yngre...

Så eg tek kanskje blyanten fatt snart og byrjar med å snekre saman "poetiske" engelsk-språklege song-tekstar att. Kanskje eg skal byrje å spele gitar att?

Og til dei som eventuelt må gjennom den pinsla: Det er ikkje Fagerlien sin feil! Skuld heller på autoritetane i det søraustlege hjørnet av verdsdelen vår...

No comments:

Post a Comment