Tuesday, November 30, 2010

Ei musikalsk reise av episke proporsjonar:

Ja, dette har vel nokon av dykk sett før. Eit episk estisk musikkstykke, framført av særs varierte musikarar og kor-songarar.

Sidan eg rett og slett føler at graden av episk-het ikkje har sunke inn hjå dykk tillet eg meg å gå gjennom høgdepunkta for dykk i så kronologisk rekkefølgje som mogleg (tidspunkta er kanskje av og til ikkje heilt feilfri) :

00:16-00:20 og 00:29-00:33 : Flotte blomar på hovudet til denne dama. Desse blomane kan godt granskast nøyare av dykk!
00:19-00:25 : Overdrevne kroppsrøyrsler av koret til høgre i biletet.
00:28 : Her er eit flott augneblink der ein kan sjå den mannlege korsongaren som gøymer seg på kne midt mellom alle dei kvinnelege kollegene sine! Episk! Han føler seg sikkert passe lur der han sit.
00:47 : Eit definitivt høgdepunkt. Denne mannlege korsongaren reiser seg opp og syng med vakker stemme, medan dei kvinnelege kollegene plutseleg bøyer seg ned for så gradvis å reise seg oppatt medan dei nynnar fagert! Episk!



01:24 : Kule (men vanlege) trommer
01:25 - 01:28 : Kule shaman-trommer!
01:29 - 01:31 : Tendensar til headbanging(!) Ikkje kvardagskost i kor-verda!
01:31 : Den næraste mannlege korsongaren skremer vatnet av deg! Kanskje. E-p-i-s-k!
01:36 - 01:39 : Fortsatt kule shaman-trommer! Også interessant avslutning av denne tromminga.
01:46 : Knallhard synging eller lydlaging av dama med raudt krølla hår!
01:48 : Knallhard synging eller lydlaging av dama med blondt og ikkje fullt så krølla hår.
01:49 - 01:50 : Mirakuløst luft-trommespel av ein mannleg korsongar.
02:03 - 02:33: Høgdepunkt på rekke og rad.. Her er det berre å lene seg tilbake i godstolen å nyte. Tendensar til headbanging er det heile vegen! Knallhardt. Knallepisk.
02:31 - 02:33 : Shaman-tromme-dama skremmer deg! Kanskje.
02:35 - 03:00 : Blokkfløyta dreg det heile i land på ein flott måte! Til tider fortsatt overdrevne kroppsrøyrsler av koret til høgre i biletet. Dei gjer seg aldri!

For dei (eller deg) som fekk meirsmak for dette, kan følgjande klipp også anbefalast. Den same estiske folkesongen, maltraktert av Metsatöll til stor forargelse av songskrivarane som sit benka på 03:08 - 03:11 :



Høyrde eg nokon seie "Episk"?

No comments:

Post a Comment