Monday, November 29, 2010

Fenomenet råning i Europa sitt søraustlege hjørne.

Question:
Har eg idag vore så heldig og sett ein aserbajdsjansk bygdegut som sat på panseret av den senka Ladaen sin, som også hadde sota ruter, sjalusi, revehale i antenna, wunderbaum og terningar i frontvindauget, samt eit stereoanlegg som dunka infernalskt og som fekk bøneropa frå næraste moskê til å bleikne totalt?

Nei. Eg var ikkje så heldig. Men eg såg noko som likna. Veldig. Eg såg en person (heilt tydeleg aserbajdsjansk, og truleg nær 19 år. Ingen kan imidlertid seie om han var frå bygda) som sat på panseret av Ladaen sin med sota ruter og moderat seinking medan han smånikka i takt til Eurythmics sin låt "Sweet Dreams..." frå det rå stereoanlegget hans som faktisk fekk bøneropa frå næraste moskê til å bleikne totalt.

Kanskje er ikkje Eurythmics den musikkgruppa ein forbind sterkast med råning i 2010. Og den aserbajdsjanske sjåføren dreiv heller ikkje med børning (om han er ein gjennomsnitteleg aserbajdsjansk sjåfør (som eg tippar han er), vil kanskje køyremåten og trafikk-forståelsen til vedkomande ved normale tilhøve likevel kunne gå inn under dette begrepet).

MEN: Han røykte medan han sat der. Og Ladaen stod på ein sentral stad i byen så han hadde god oversikt over kva som var på gang. Kanskje hadde han nokre aserbajdsjaninner i baksetet også? Eg veit ikkje. Såg det ikkje.  Sota ruter.

Alt i alt er eg i alle fall særs nøgd med denne observasjonen. Eit høgdepunkt må ein kalle det!!

No comments:

Post a Comment