Denne bloggen skal jo som det står over omhandle briller, vêr og teikn i tida. Hittil har imidlertid fordelinga av desse (særs viktige og kanskje ulike) tematikkane vore mildt sagt urettvis. I opphavet var der "Briller" (i alle fall i ein tittel), seinare har det stort sett vore teikn i (den aserbajdsjanske) tida.
Så denne oppdateringa handlar då om vêr.
Eller meteorologar, strengt tatt.
Eller meir konkret korleis meteorologen egentlig ser ut.
Sidan eg ser på meg sjølv som Fagmann (med stor F, ja!) er det særs viktig at dette temaet vert gått gjennom på ein vitskapeleg forsvarleg måte. Når ein har funne nye oppdagingar som rykker ved den rådande konsensus i vitskaplege kretsar er det vanleg å ha starte sitt innlegg med ein gjennomgang av den konvensjonelle kunnskapen og den noverande oppfattninga ikring problemstillinga ein jobbar med.
Og det gjer eg no:
Mange meiner den typiske meteorologen ser slik ut:
Andre folk meiner sjølvsagt dei ser slik ut:
I dei siste par åra har også ein aukande (men framleis heilt eksepsjonelt liten) skare menneske kome i skade for å tru dei ser slik ut:
medan andre (og ganske mange fleire verkar det som) hevdar (nokså feilaktig) at dei ser slik ut:
Nyare forsking syner faktisk at ingen av desse oppfatningane er heilt korrekte... Nei, det var kanskje å ta litt i. Men forskinga viser i alle fall at meteorologens sanne ansikt kan vere meir variert enn som så. For den typiske meteorologen kan også sjå slik ut:
Ein kan like det eller ikkje, men fuglane skal vite at det er desse menneska som har komponert følgjande interessante og meteorologi-lada snutt:
Eg er imidlertid ein av dei som trur, mest truleg sidan eg ikkje har sett så mange stormar. Dei 2 øverste meteorologane i denne posten har sett mange fleire stormar, og dei har difor (kanskje i alle fall) tal-lause grunnar til ikkje å tru at vêret vert som varsla uansett kva dei gjer.
Men det underteikna likevel veit (og alle andre meteorologar med han) er at etter regn kjem sol. Og det er ikkje uvanleg at det er nettopp denne type bodskap ein må kome med når ein Dagblad-journalist ringer og spør korleis vêret vert om 4 månader.
Denne samlinga meteorologar heiter for øvrig "Young Guns" (inkluderer verken Emilio Estevez eller Kiefer Sutherland though). Songen (eller vêrvarslet som eg likar å sjå på dette som) heiter "There will be rain". Denne songen (eller vêrvarselet) bør få deg i godt humør på ein regntung dag!
Enjoy!





No comments:
Post a Comment