Questions:
Er dette Far(til høgre) og Son(til venstre)? I Baku? På ein flott kveld?
Svara er høvesvis: Nei, Ja og Ja. Men enkelte innfødde har i kveld stått knallhardt på for å overbevise oss om at svara verkeleg er: Ja, Ja og Ja.
Det har vore ei felles forståelse mellom "Far" og "Son" at dei er som 2 dropar vatn når det gjeld mangt og mykje. At vi skulle ha denne koplinga reint genetisk har vel likevel aldri falle skikkeleg inn, verken hjå "Far" eller "Son". (Håpar for øvrig dette er ei problemstilling vi slepp å.. vel. ta vidare stilling til i framtida. Det ville vorte problem.).
Men ikveld kom altså spørsmålet; på sjølvaste avslutningsmiddagen for Baku-opphaldet til underteikna. Spørsmålet kom til og med på god og ekte Aserengelsk (eller Engaserbajdsjansk, kanskje. Vedkomande har litt for god engelsk til å kalle det Aserengelsk). Vedkomande jobba på denne staden i Baku:
.
Og vi må ta det først: Pub Tortuga! Smak på namnet! T-O-R-T-U-G-A. It goes without saying at dette er tilhaldsstaden for dei verste piratane i by'n! (Byen er stor, og piratane her er mange!!)
Ifølgje dei som jobbar her er piratfedre altså ikkje framande for å ta med piratsønene sine hit. Samtala utarta seg nemleg omtrent slik:
Bardame1 (utbryt, ganske plutseleg): Fredo, you his Father?
Frode (På Aserengselsk heiter Frode Fredo) og underteikna ser rart på kvarandre og utbryt meir eller mindre i kor : eehhhehhh. Nooo?
Bardame2 (henvender seg til underteikna): What is your name?
Underteikna: My name Stig-Arild, but you can call me Steve. Or Johnny-boy or Per or whatever you want.
Bardame1: How old are you?
Underteikna: 27
Bardame2 (kniser): Hahahahh! You kidding right?
Underteikna: No!
Bardame1 (henvender seg til Fredo): Fredo, how old are you?
Frode: 31
Bardame2 (kniser): Hahahahh! You kidding right?
Frode: No!
Bardame2: You have IDs, yes?
Fredo og underteikna i kor: No!
Underteikna tek gjerne på seg deler av skulda for at aldersulikskapen til "Far" og "Son" nett denne kvelden tilsynelatande var ekstra stor. "Far" har nemleg samla Baku-skjegg heile tida. Det har for såvidt "Son" gjort også, men "Sonen" tok desse (korte og særs spreidde) stubbane idag tidleg som eit ledd i fornorskingsprosessen han er inne i for tida. Resultat: Den mjukaste babyhuda du kan tenke deg!
Forresten, underteikna har på eit langt tidlegare stadium enn dette fått tilnamnet "Emperor of Baku" av ein irsk kollega. Dette tilnamnet har betydd mykje! Men etter denne hendinga vert tilnamnet sikkert berre endra til "Sonen". Ikkje like stas muligens, men kanskje desto meir passande. Underteikna har vel aldri vore så veldig keisarleg av seg. Og han er trass alt ein "son" (i tillegg til at skjeggveksten ikkje er på høgste keiserlege nivå).
No reiser "Sonen" heim til fedrelandet. Og om 1 dag, 14 timar og 21 minutt stig han ned frå himmelen for å døma levande og døde! Pass dykk, Noreg!
:)
ROFLOL!
ReplyDelete