Ja, dette har vel nokon av dykk sett før. Eit episk estisk musikkstykke, framført av særs varierte musikarar og kor-songarar.
Sidan eg rett og slett føler at graden av episk-het ikkje har sunke inn hjå dykk tillet eg meg å gå gjennom høgdepunkta for dykk i så kronologisk rekkefølgje som mogleg (tidspunkta er kanskje av og til ikkje heilt feilfri) :
00:16-00:20 og 00:29-00:33 : Flotte blomar på hovudet til denne dama. Desse blomane kan godt granskast nøyare av dykk!
00:19-00:25 : Overdrevne kroppsrøyrsler av koret til høgre i biletet.
00:28 : Her er eit flott augneblink der ein kan sjå den mannlege korsongaren som gøymer seg på kne midt mellom alle dei kvinnelege kollegene sine! Episk! Han føler seg sikkert passe lur der han sit.
00:47 : Eit definitivt høgdepunkt. Denne mannlege korsongaren reiser seg opp og syng med vakker stemme, medan dei kvinnelege kollegene plutseleg bøyer seg ned for så gradvis å reise seg oppatt medan dei nynnar fagert! Episk!
01:24 : Kule (men vanlege) trommer
01:25 - 01:28 : Kule shaman-trommer!
01:29 - 01:31 : Tendensar til headbanging(!) Ikkje kvardagskost i kor-verda!
01:31 : Den næraste mannlege korsongaren skremer vatnet av deg! Kanskje. E-p-i-s-k!
01:36 - 01:39 : Fortsatt kule shaman-trommer! Også interessant avslutning av denne tromminga.
01:46 : Knallhard synging eller lydlaging av dama med raudt krølla hår!
01:48 : Knallhard synging eller lydlaging av dama med blondt og ikkje fullt så krølla hår.
01:49 - 01:50 : Mirakuløst luft-trommespel av ein mannleg korsongar.
02:03 - 02:33: Høgdepunkt på rekke og rad.. Her er det berre å lene seg tilbake i godstolen å nyte. Tendensar til headbanging er det heile vegen! Knallhardt. Knallepisk.
02:31 - 02:33 : Shaman-tromme-dama skremmer deg! Kanskje.
02:35 - 03:00 : Blokkfløyta dreg det heile i land på ein flott måte! Til tider fortsatt overdrevne kroppsrøyrsler av koret til høgre i biletet. Dei gjer seg aldri!
For dei (eller deg) som fekk meirsmak for dette, kan følgjande klipp også anbefalast. Den same estiske folkesongen, maltraktert av Metsatöll til stor forargelse av songskrivarane som sit benka på 03:08 - 03:11 :
Høyrde eg nokon seie "Episk"?
Tuesday, November 30, 2010
Monday, November 29, 2010
Fenomenet råning i Europa sitt søraustlege hjørne.
Question:
Har eg idag vore så heldig og sett ein aserbajdsjansk bygdegut som sat på panseret av den senka Ladaen sin, som også hadde sota ruter, sjalusi, revehale i antenna, wunderbaum og terningar i frontvindauget, samt eit stereoanlegg som dunka infernalskt og som fekk bøneropa frå næraste moskê til å bleikne totalt?
Nei. Eg var ikkje så heldig. Men eg såg noko som likna. Veldig. Eg såg en person (heilt tydeleg aserbajdsjansk, og truleg nær 19 år. Ingen kan imidlertid seie om han var frå bygda) som sat på panseret av Ladaen sin med sota ruter og moderat seinking medan han smånikka i takt til Eurythmics sin låt "Sweet Dreams..." frå det rå stereoanlegget hans som faktisk fekk bøneropa frå næraste moskê til å bleikne totalt.
Kanskje er ikkje Eurythmics den musikkgruppa ein forbind sterkast med råning i 2010. Og den aserbajdsjanske sjåføren dreiv heller ikkje med børning (om han er ein gjennomsnitteleg aserbajdsjansk sjåfør (som eg tippar han er), vil kanskje køyremåten og trafikk-forståelsen til vedkomande ved normale tilhøve likevel kunne gå inn under dette begrepet).
MEN: Han røykte medan han sat der. Og Ladaen stod på ein sentral stad i byen så han hadde god oversikt over kva som var på gang. Kanskje hadde han nokre aserbajdsjaninner i baksetet også? Eg veit ikkje. Såg det ikkje. Sota ruter.
Alt i alt er eg i alle fall særs nøgd med denne observasjonen. Eit høgdepunkt må ein kalle det!!

Friday, November 19, 2010
Baku-jogging i tights ein fredagsettermiddag i lyden åt bønneropa frå næraste moskê
... medan ein går med heidning-t-skjorte... Slikt gjev ei herleg kjensle (ikkje heilt ulik den kjensla ein får av å gå med den same t-skjorta i Peterskyrkja). Bonusen til denne typen kjensle er sjølvsagt at ein sankar mange rare blikk; noko biletet vedlagt er meint å syne. (Eit røft overslag, der altså... Den blå linja er sånn ca. joggeruta, med nokre kunstnarlege innfall, sjølvsagt. Alt det raude er attraksjonar og typiske biltypar i dei ulike nabolaga.)
Nokre blikk som ein også møter i slike samanhengar her nede/borte kan vere av den meir oppgitte typen. Men denne typen blikk går eg utfrå er meir av dei sjeldne; eg talde berre 1 av denne typen idag. Roping opplever ein også, ikkje minst frå politibilane som inneheld politifolk som snakkar ganske autoritært i megafon frå inni politibilane sine til verda utanfor. Kva er det desse eigentleg ropar om? Ingen som veit! Eg veit det er stygt å banne på muslimsk (enda styggare enn det det er å banne på kristent faktisk!), men etter tonefallet og intensiteten å døma er det heilt sikkert nokre litt ulovlege ord dei utbasunerer til tider. I alle fall må dei vere heilt på kanten. (Dei mildaste utsegnene er truleg av typen: "AV VEGEN MED DEG, DIN DUST! HAR DU BLÅLYS KANSKJE?!?! OG SER DU IKKJE MINE FEITE, BLINKANDE OG ALTSÅ GANSKE BLÅE LYS?!? FLYTT DEG, ROPTE EG! FJOMPENISSE!!!") Det verkar for øvrig ikkje som tights-jogging er så mykje til bry for verken politimenn eller hissige aserbajdsjanarar (eller kombinasjonen av desse 2). Heldigvis.
Det er noko heilt eige med dette (altså det å sanke blikk, ikkje det å rope frå politibilar). Vi kom rett nok aldri så nær moskêen, og vi sanka såleis kanskje ikkje så mange rare blikk akkurat i dette nabolaget. Vi gjorde nok ikkje det. Men kryssa er likevel merkte der sidan det sikkert hadde vorte ganske opstanasig stemning i området om vi faktisk hadde gjort vår entrê. Ikkje hadde joggeselskapet mitt på seg tights heller forresten, noko som i og for seg kanskje minka talet rare blikk, men eg går likevel utfrå at jogging i nærleiken (sjølv om berre 1 av 2 har tights på seg) vert fordømt på det sterkaste når det er bøn i moskêen. Med god grunn vil kanskje mange seie, for tightsen min viste seg å vere litt for stor, og den hadde dermed ein tendens til å gli litt ned til tider (dette var før eg tidlegare i kveld fann den gilde snora som kan nyttast til å stramme opp heile tights-greia).
Uansett; fontener såg vi. Fontener(!). Opplyste! Og Lada'ar! Helst utan katalysatorar, gjerne med uante mengder bly i bensinen også! Dei tuta! Men neppe på tightsar og joggande vesen. Eg føler det vert for mykje å aktivt gå inn for å verte tuta på av dei innfødde. Dei tutar stort sett likevel, uansett kor passivt ein oppfører seg.
Det er kjekt med litt liv i gatene på ettermiddagane! Sånn sett har ein rett og slett meir moro enn ein lagar sjølv! :) Og det er ikkje alle forunt!
-Fagerlien <3 Baku i heidning-t-skjorte!

Subscribe to:
Posts (Atom)