Friday, October 15, 2010

Aserengelsk

Vyrde nettlesarar (som Firefox, IE, Chrome, Opera og så bortetter)!

hahahaha! Humor er viktig når ein er ein annan plass!

Denne oppdateringa kjem nok inn i småstoff-kategorien. Og det eg idag har synspunkt på er måten ein må prate engelsk på i Baku for å gjere seg forstått.

Etter å ha vore å besøkt Helene i Statane har eg funne ut at eg snakkar litt meir norwenglish enn eg ærleg tala først trudde (sjølv om alle vi møtte der borte trudde vi var Natürliche Deutsch gesprächliche). Spøkane om at politikarane våre er dårlege i engelsk har dermed mista litt av kruttet for min del. Og eg prøver verkeleg å snakke skikkeleg engelsk. Verkeleg! Men eg høyrer stundom at mitt eige tonefall avslører at eg er Buktagut, gløppar, eller tyskar eller kva som helst anna enn ein vaske-ekte amerikanar.

Eg liker jo ikkje at eg har 1 grunn mindre til å le og flire av politikarar enn det eg hadde før. Så eg tenkte at eg skulle nytte sjansen her i Baku til å verkeleg briljere. Perfekt uttale. Seint-klårt-og-tyydeeeleg. Tonefall av ein annan verden. Passande engelsk kroppspråk. Sofistikerte "please" på slutten av kvar setning...

Men neida.

Her er det snarare slik (på gebrokkent midtaust-engelsk):
"5Manat for taxi, ok?" eller
"Buisness good?" eller
"Baku very nice city" eller
"Normal winter, 2 months cold. Last winter, 4 months cold! Last winter too cold! Brr!"

For ikkje å snakke om denne enkle og korte dialogen eg drog med ein kles-seljar i kvartalet vi har leilighet:

(Eg kjem inn i butikken)
Meg: "I just look, ok?"
Selgjar: "okokok!"
(Pause)
(Selgjar føler tida er inne for småprat).
Selgjar: "Baku first time?"
Meg: "Yes! Last week I came first time!".

Herleg!

Så eg trur jammen meg eg skal gjere tvert om neste gong eg skal til Statane. Eg tek med meg aserengelsken min og let det stå til! Så får vi sjå kor lang tid det tek før eg vert bura inne. :)

Thursday, October 14, 2010

Brille.

Vyrde forsamling!

Fagerlien har nett starta ein blogg. Det vart gjort i Baku(!), Azerbaijan(!!) den 15. oktober i det særs stemningsfulle året vi kjenner som 2010(!!!).

(Herleg når overraskingane berre tiltek i styrke utover i setninga!) Den siste overraskinga er kanskje ikkje noko overrasking. At vi skulle måtte skrive 2010 før Fagerlien startar ein blogg er kanskje heller nærliggande å tenke seg. For Fagerlien er ikkje den første som heng seg på teikna i tida. (Eg byrja å høyre aktivt på Grunge i august dette året).

Kva er så hensikten med dette edle og ikkje reint lite modige blogge-føretak? Det er det ingen som veit. Som den triste vêrmannen sa det: "Dette anar vi ikkje kva er. Det kan bli kva som helst." Sjå:



For dette kan verkeleg bli kva som helst. Og dette anar eg verkeleg ikkje kva er.

Men småstoff! Småstoff vert det nok i massevis framover! Kanskje litt spikkulering i vêret. Kanskje Kaspisk vêr i første omgang? Kanskje vert her dikt? Kanskje på engelsk med naud-rim? Kanskje vert tankar delt omkring vurderingane ein gjer for og mot bruken av briller/linser? Med vitande og vilje vert kanskje namngjevne personar hengt ut? Kanskje vert finske hymner gjengjevne høgrøsta og spontant på eige initiativ?

Det er berre å stålsette seg no, folkens! For no går det unna!
Eller, for eventuelle engelsk-språkelege lesarar:
It's only to steelsit oneself now, peoples! For now goes it away!

-Fagerlien